Nytt frå FNU

Gründerprisen 2010
Kven meiner du fortener å vinne?
Næringsreisa i HAFS 9. og 10.august
Næringslivet inviterer lærarane i HAFS på rundtur
200 000 i Bulystmidlar til PreForm
PreForm - vidareutvikling av Fjaler kommune som arena for internasjonal kunst og kulturproduksjon.
 

Siste stillingar

Kafè og bar
Transplant

Om Fjaler Næringsutvikling

Fjaler Næringsutvikling er ei uavhengig foreining som i utgangspunktet ikkje skal ha inntekter på eigen produksjon. Våre eigarar er næringsdrivande i Fjaler, Fjaler Sparebank og Fjaler kommune. Vi har over 100 medlemmar hovudsakleg frå næringslivet, men også nokre privatpersonar og organisasjonar. Vi er to tilsette, dagleg leiar og næringskonsulent.

FNU er etablert i trua på at eigarskap og engasjement frå næringslivet vil gje ei betre næringsutvikling enn eit reint kommunalt engasjement. Vi meinar at eit velfungerande næringsliv er basis for all berekraftig utvikling.

Vår hovudoppgåve er å hjelpe nyetablerarar og eksisterande verksemder med tiltak som bidreg til ei positiv utvikling for Fjalersamfunnet. I tillegg har vi også ansvar for å samarbeide med kommunal administrasjon for å ivareta kommunale næringssaker. Noko av drifta vår er finansiert av skattepengane dine, du må difor gjerne sette krav til oss.

slide.gif

Fotografi og animasjon: Oddmund R. Haugen © 2008

Kontakt oss

Fjaler Næringsutvikling

6963 Dale i Sunnfjord

post@fnu.no
Tlf.: 57 73 76 76